Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 39.00 (primær)
  • 46.60 (ordinær)
Studieplasser: 40
Søknadskode (SO): 184852

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Pedagogikk handlar om korleis vi menneske lærer og tileignar oss kunnskap, og korleis vi kan vidareformidle kunnskap til andre. Pedagogikk er eit breitt fag som tar for seg alt frå vedtak om læreplanar og lovverk, til lærings- og opplæringsmiljø. Pedagogikkstudiet vil hjelpe deg med å forstå samfunnsendringar nasjonalt og internasjonalt, politisk styring av utdanning og skoleverk, og dei individuelle forskjellane mellom korleis menneske lærer. Du vil også lære om korleis globale utdanningspolitiske trendar påverkar utviklinga av det norske utdanningssystemet. Styrken ved pedagogikkstudium ved UiB er at det også omhandlar pedagogikk knytt til demokrati, interkulturell forståing og utviklinga hos individet og i samfunnet. Graden kan derfor brukast til mykje og kan kombinerast med dei fleste andre fagfelt og innanfor mange typar stillingar. Merk at ein bachelor i pedagogikk ikkje er ei lærarutdanning.

Utdanning, kunnskap, læring og undervisning er sentrale tema i bachelorprogrammet i pedagogikk. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeids- og samfunnslivet generelt. Studiet tar opp desse tema og drøfter dei filosofisk, teoretisk og i lys av samfunnsendringar.

Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap, forståing og handlingskompetanse knytt til pedagogiske utfordringar og praksisar. Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere formidlings-, opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Karrieremuligheter

Eit bachelorstudium i pedagogikk kvalifiserer deg til arbeid med opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Du vil kunne bidra konstruktivt i alle ledd av ein utviklingsprosess, frå planlegging, iverksetting og evaluering.

Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel i ideelle organisasjonar, media og med kulturformidling, som opplæringsleiarar, pedagogiske konsulentar og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurt.

Dersom du bygger på med ein mastergrad, får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Merk at ein bachelor i pedagogikk ikkje er ei lærarutdanning.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i pedagogikk

Alle utdanninger innen