Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 39.50 (primær)
  • 38.30 (ordinær)
Studieplasser: 30
Søknadskode (SO): 223453

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

28. februar 2024.

Om studiet

Er du interessert i fagfelt som marknadsføring, PR, journalistikk og strategisk kommunikasjon? Kommunikasjonsutdanninga i Volda kvalifiserer for medie- og kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private bedrifter. Studentane får seg arbeid i alt frå kommunikasjonsbyrå, til industri og næringslivet eller i internasjonale hjelpeorganisasjonar. Her kan du blant anna jobbe som PR- og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller vere ansvarleg for sosiale medier. Høgskulen i Volda har i dag eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. Vi samarbeider tett med arbeidslivet, noko studentane får nytte av gjennom relevante gjesteforelesingar og gode praksisordningar. Sjekk ut podcasten som studentane laga om si eiga utdanning i ei studentoppgåve!. Sjekk også ut #PRprat som går kvar onsdag klokka 12.00 våren 2024

1. semester: Studentane gjennomfører vår “rekruttskule” med Adobe workshops og opplæring i foto og video, lage trykksaker og dei nødvendige programvarene. Det vert fokusert på ulike former for kommunikasjonsstrategiar, i tillegg til innføring i norsk samfunnsliv. Denne undervisninga er felles med studentane på journalistikk. 2. semester: Medan første semester handla mykje om ekstern og utadretta kommunikasjon, handlar andre semester om intern kommunikasjon. I tillegg lærer studentane om ytringsfridom og media si rolle i demokratiet. I lys av tidsaktuelle hendingar lærer studentane kritisk refleksjon kring media si utvikling og rolle i samfunnet. Her er det også felles undervising med journalistikk og medieproduksjon. 3. semester: Studentane brukar kunnskapen frå første året til å gjennomføre praktiske prosjekt for bedrifter og organisasjonar. Så skal alle studentane lære journalistisk metode og ulike former for nyhendeproduksjon, nyhendevurdering og presseetikk – også felles med journalistikk og medieproduksjon. 4. semester: No kan studentane fritt velje emne i inn- eller utlandet som skaper variasjon og tverrfaglegheit i si studieportefølje. Dei kan reise nesten kvar som helst i utlandet eller velje mellom partnarar i Noreg. Nokre vil auke kultur- og språkkompetanse medan for andre er det viktig å fordjupe seg i ei fagleg interesse. 5. semester: Bærekraft, samfunnsansvar og omdømme er sentrale fagfelt som mange vil møte i arbeidslivet. Dette er difor viktige temaer i medieutdanningane ved Høgskulen i Volda (HVO). Mange studentar kombinerer perspektiva i ei større fordjupningsoppgåve som dei leverer i medievitskap. Dette er også felles med journalistikk og medieproduksjon. 6. semester: Siste semester startar med turbovekene som førebur studentane på å reise ut i ekstern praksis hjå ein av Høgskulen i Volda (HVO) sine mange og varierte praksisplassar rundt om i heile landet. HVO har eit godt utbygd nettverk av praksisplassar som vi har mange tiårs erfaring med. Her nyttar nokre studentar sjansen til å gjere undersøkingar som dei brukar i den avsluttande bacheloroppgåva som set førebels punktum for utdanninga i Volda. Vi har likevel fleire og fleire studentar som vel å halde fram på Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergrader i Noreg eller i utlandet.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt opp i ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Du får også tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar. Det vert lagt stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis, og undervisninga er kombinert med jobbrelevante praksisordningar. Det siste semesteret skal du gjennomføre ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller i anna relevant verksemd. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 453

Anbefalt forhåndskunnskap

Utveksling

Det er mogleg å gjennomføre delar av dette studiet i utlandet. Høgskulen har gode utvekslingsavtaler med University of Westminister i London, Griffith College Dublin i Irland eller Hawaii Pacific University i USA. Det er også mogleg med utveksling til andre samarbeids-institusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Japan, Nederland, Sør-Korea og Tyskland.

Alle utdanninger innen