Fagskoleutdanning består av korte, yrkesretta utdanningar som varar eit halvt til to år. Ho byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Med yrkesretta meinest at utdanninga skal gi kompetanse som kan takast i bruk direkte i arbeidslivet.
Bortsedd frå dei tradisjonelle tekniske fagskoleutdanningane og helsefagskoleutdanningane, som er offentleg finansierte av fylkeskommunen, er det eit særtrekk ved denne utdanningstypen at dei fleste tilbydarane er private. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har ansvar for å godkjenne fagskoleutdanninga.
Oversikt over godkjende tilbod på nokut.no
Fagskolane underlagde Lov om fagskoleutdanning.
Fagskoleutdanning innan teknisk/teknologisk fagfelt er eit 2-årig studium. Studiet gir kompetanse som mellomleiar innanfor tekniske fagområde. Faga er strukturerte i modular som må vere gjennomførte og bestått før ein får vitnemål.
Les meir om fagskoleutdanning på Skolenettet
Korleis søkje?
Søknadsfrist er 15. april for ordinært studium. Det er nasjonalt samla opptak til dei fylkeskommunale tekniske fagskolane.
Ved å registrere deg på Vigo.no vil søknaden din bli sendt til Nasjonalt opptakskontor og vidare til skolen du søkjer. Det er avgjerande at du ettersender kopi av vitnemål, fagbrev og praksisdokumentasjon direkte til skolen du har som førsteval. Du vel fritt skole og fagskoletilbod uavhengig av kva fylke du bur i.
Søking til helse- og sosialfag skjer på papirsøknad direkte til skolen som tilbyr utdanninga, eller ved nedlasting av søknadskjema på skolen si heimeside.
Dei som søkjer opptak til enkeltmodular og nettbaserte tilbod, må ta kontakt med den aktuelle skolen. Det er også mogleg å sende papirsøknad.
Les meir om korleis du søkjer fagskoleplass på Nasjonalt opptakskontor for fagskolen
