Yrkesintervju
Servitør

- Eg likar særs godt å arbeide med andre menneske, og tek sikte på at dei eg yter service åt skal sitje att med eit så positivt inntrykk som mogleg, seier servitør Hege Blikfeldt.
Servitør Hege Blikfeldt
Foto:
Sigrid Hesjevoll
http://utdanning.no/sites/default/files/styles/wysiwyg_full/public/intervju/blikfeldt_22_0.jpg?itok=qLX91Xfx
Hege Blikfeldt
32 år
Servitør
Vertshuset Skarven
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å verte servitør?

- Eg likar menneske og å samarbeide med andre folk, i tillegg er eg særs sosial. Dette er verdifulle eigenskapar i arbeidet mitt.

Kva arbeidsoppgåver kan ein vente seg i dette yrket?

- Fyrst og fremst er eg ein seljar. Oppgåva mi er å gje gjestane våre ei god oppleving, som fører til at dei forlét oss med eit positivt inntrykk og ikkje minst lysta til å vitje oss fleire gonger. I tillegg til dette har me også mange praktiske oppgåver, blant anna å gjere klar restauranten, dekke opp og forsikre oss om at me som servitørar har alt me treng for å utføre arbeidet vårt.

Me må også forhøyre oss med kjøkenet om det førekjem noko spesielt denne dagen, til dømes kven som er gjester, kva mat som er bestilt, plukke ut vinar – både med og utan alkohol som skal høve innåt maten – og om det er særskilde ynskjer knytte til bestillingane. Kort sagt lyt ein planlegge dagen og kvelden. Kunnskap om vin og drikke til maten som skal serverast er særs viktig. Kvar dag lyt ein setje seg inn i menyen og ha kjennskap til maten. For oss, Arctandria Sjømat Restaurant, som har lokal og arktisk mat på menyen, er det viktig å kunne så mykje som mogleg om maten i tillegg til historia knytt til maten. Det er nettopp dette som er så flott med servitøryrket, me har alltid nye arbeidsoppgåver.

Kva utdanning og kvalifikasjonar lyt ein ha som servitør?

- For å verte servitør lyt du gå to år i vidaregåande skule, på kokk- og servitørlinje, der ein avsluttar med å gå opp til fagbrev. I tillegg bør du gjerne ha kurs eller utdanning innan drikkevarer knytt til restaurantdrift, altså øl, vin og brennevin, samt gjestebehandling og gjestepsykologi. Du kan med fordel vere blid, omgjengeleg, serviceinnstilt, løysningsorientert og positiv. Ein lyt også vere spontan og løysningsorientert.

Kva er det mest appellerande med yrket ditt?

- Eg har alltid varierte arbeidsoppgåver, møter mange trivelege menneske og får samarbeide nært med arbeidskollegar.

Kva misliker du ved yrket ditt?

- Det er eit hardt yrkje, med mykje springing, gåing og seine arbeidskveldar.

Kvar kan ein servitør byrje i arbeid etter ferdig utdanning?==

- Ein servitør kan arbeide alle stadar som har behov for servering: restaurantar, kafear og barar.

Kva kan ein vente seg i løn som servitør?

- Dette vil variere noko frå arbeidsplass til arbeidsplass, men stort sett er tarifferte lønsretningar gjeldande, pluss at me får tillegg i helgar og om kveldane.

Korleis ser du på sjansane for at ein servitør får seg arbeid etter ferdig utdanning?

- Eg vil seie at det er gode sjansar for å få seg arbeid.

Tekst: Sigrid Hesjevoll

Del denne siden

  • Denne siden er sist oppdatert 26. februar 2013.
  • Ansvarlig for denne siden: Raymond Karlsen

Yrkesbeskrivelser

Servitør

Servitøren tar imot bestillinger, serverer mat og sørger for at hver enkelt gjest er fornøyd.

Hovmester som viser gjester til bordet

Hovmesteren ser til at gjestene blir tatt imot på en skikkelig måte, og at de får den servicen de skal ha.

Rødvin helles i glass

Vinkelnere er servitører med omfattende kunnskaper om vin. Vinkelnere må takle stort arbeidspress og være serviceinnstilt i arbeidet.

Utdanningsbeskrivelser

Du får grunnlag for servering av mat og drikke på ulike typer serveringssteder.

Oppgåva mi er å gje gjestane våre ei god oppleving, som fører til at dei forlét oss med eit positivt inntrykk og ikkje minst lysta til å vitje oss fleire gonger.

Var denne siden nyttig for deg?