Yrkesintervju
Breførar

- Arbeidet som bre- og fjellførar er variert og spanande, og eg får unike moglegheiter til å treffe ulike menneskje frå heile verdi, seier breførar Steinar Bruheim.
Breførar Steinar Bruheim
Foto:
Sigrid Hesjevoll
http://utdanning.no/sites/default/files/styles/wysiwyg_full/public/intervju/steinar_bruheim_bilete_0.jpg?itok=J88oIBot
Steinar Bruheim
56 år
Bre- og fjellførar
Jostedalen Breførarlag
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å verte breførar?

- Fyrst må eg seie at tittelen breførar og fjellførar enno ikkje er ein beskytta arbeidstittel i Noreg. Årsaka til at eg valde å drive med bre- og fjellføring, er fyrst og fremst interessa for friluftsliv og at eg på midten av åttitalet byrja som breførar på Nigardsbreen og opplevde arbeidsstaden som både attraktiv og interessant.

Kva arbeidsoppgåver kan ein vente seg i dette yrket?

- Jobben som breførar/ breinstruktør går ut på å føre folk trygt på bre og i fjell, samt instruere på kurs og drive opplæring på bre og fjell.

Kva utdanning og kvalifikasjonar lyt ein ha for å verte breførar?

- I Noreg går utdanninga føre seg gjennom organisasjonane Norsk Fjellsportforum og NORTIND. I Jostedalen Breførarlag har me førarar som er godkjende gjennom både frå NF og NORTIND. I tillegg har me ein kategori som kallast breførarassistentar. Dei har som eit minimum gjennomført eit grunnleggjande brekurs og delteke på føringsturar i blåis saman med ein førar godkjent av Norsk Fjellsportforum.

Du må fyrst og fremst tåle å vere ute i alle typar vêrforhold, omgåast folk på ein vitug måte og ikkje minst vere ansvarsfull og tryggleiksmedviten.

Kva er det mest appellerande med yrket ditt?

- Arbeidet er særs variert, samt at du treff mange ulike menneskje frå heile verdi og får vere ute på tur og oppleve ein naturtype som til alle tider endrar seg.

Kva mislikar du ved yrket ditt?

- Det einaste negative lyt vere at du til tider kan verte lei av samanhengande dårleg vêrforhold gjennom ein lengre periode.

Kvar kan ein breførar byrje i arbeid etter ferdig utdanning?

- I Noreg finn me nokså mange selskap som tilbyr guida turar på bre og fjell rundt omkring i landet, både sumar og vinterstid. Ved å gå inn på nettsidene til NF og NORTIND, kan du få kjennskap til kva føringsselskap som er seriøse og godkjende til å arbeide innan dette feltet.

Kva kan ein vente seg i løn som breførar?

- Løna vil variere alt etter utdanning, ansiennitet og type kurs eller tur. Så vidt eg veit, finnast det ikkje ein ”felles tariff” for denne type arbeid.

Korleis ser du på sjansane for å få seg arbeid etter ferdig utdanning?

- Det er utan tvil vanskeleg å skape ein heilårsarbeidsplass etter ferdig utdanning. Etter 25 års erfaring i Jostedalen Breførarlag ser me at det er populært å arbeide som breførar og breinstruktør. Kvart år får me ei nokså stor bunke med søknadar frå unge folk som vil arbeide med bre og fjellføring. Dette kan blant anna forklarast med at stadig fleire høgskular rundt omkring i landet tilbyr fjellsport og friluftsliv som fag, og det vert uteksaminert nokså store kull med kandidatar i friluftsliv og naturvegleiing kvart år. Dei fleste kombinerer jobben som bre- og fjellførar om sumaren med andre typar arbeid vinterstid.

Tekst: Sigrid Hesjevoll

Del denne siden

  • Denne siden er sist oppdatert 1. mars 2013.
  • Ansvarlig for denne siden: Raymond Karlsen

Yrkesbeskrivelser

Guide i arbeid på isbre

Som guide leder du omvisninger for reisende. Du har bred kunnskap om områdene du guider i.

Du treff mange ulike menneskje frå heile verdi og får vere ute på tur og oppleve ein naturtype som til alle tider endrar seg.

Var denne siden nyttig for deg?