Energimontør - Yrkesintervju

Energimontør Vidar Lenningsvik har jobba innanfor straumproduksjon i femten år og kan ikkje tenkje seg eit meir interessant yrke.

Navn: Vidar Lenningsvik

Alder: 38 år

Yrke: Energimontør

Arbeidsplass: Kraftftverksgruppe Rana; Statkraft Energi AS

Kvifor valgde du dette yrket?

- Eg vart tidleg fascinert av kraftproduksjon, metodar og tekniske løysingar. Då eg var liten var eg oppteken av korleis bilbanen og togbanen fungerte, og eg ødela mange leikar på å finne det ut. Som 13-åring bestemde eg meg for å bli elektrikar, og etter grunnskulen begynte eg på grunnkurs elektro. Eg har vore heldig som fann rett yrkesveg så tidleg.

Kva arbeidsoppgåver gjer du i løpet av yrkeskvardagen din?

- Vi driv med energiproduksjon og distribusjonssystem, og energimontørens fremste oppgåve er å sikre den fagmessige tryggleiken og sikkerheita. Vi held ved like og reparerer generatorane i kraftstasjonen, og vi må sikre høgspenningsanlegga, trafoane og høgspentlinene.

Når du får straumbrudd heime kan det vere fordi nokon ikkje har gjort jobben sin skikkeleg. Delar av jobben min er å lære opp lærlingar og nye tilsette, og eg legg vekt på å bruke tid på denne delen av jobben. Eg trur det er viktig med ein god opplæringsplan, ha møte ofte og gje lærlingane arbeidsoppgåver dei lærer av.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjoner er nødvendig for å bli energimontør, og kva utdanning har du sjølv?

- Sjølv er eg brennande interessert i det eg held på med, og det er ein fordel. Då eg utdanna meg til energimontør gjekk eg grunnkurs elektro, VK1 elektronikk og VK1 elektro, og så var eg lærling ved Nedre Røssåga kraftstasjon i to år før eg tok fagbrev. Sidan har eg innanfor yrket teke ein god del vidareutdanning, mellom anna som energiingeniiør, men eg har (med unntak av eitt år) heile tida vore tilsett i Statkraft, og har fått nye utfordringar her.

Eg har hatt 5-6 forskjellige stillingar i same firma. I dag er vegen til å bli fagarbeidar som energimontør slik: Vg1 elektrofag, Vg2 elenergi og to og eit halvt år opplæring i bedrift med avsluttande fagprøve.

Kva er det beste med yrket ditt?

- Det er eit yrke med varierte arbeidsoppgaver og stort fokus på kvalitet. No er jobben dessutan godt betalt, men det er det at eg trivst så godt med arbeidsoppgåvene som gjer at eg har halde meg til same firma sidan 1997. Eg har friheit og ansvar, og interessante, alltid varierande oppgåver, og eg får sjanse til å utvikle meg fagleg.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Eg kjem ikkje på noko eg ikkje likar, men spør du kona mi vil ho nok seie at eg arbeider alt for mykje. I periodar har eg veker med 10-timars arbeidsdag, men eg har fleksitid og tar av og til fri halve fredagen for å lande før helga. Eg er nemleg ikkje flink til å leggje frå meg jobben når eg kjem heim - men det er fordi eg er så engasjert i det eg held på med.

Kva andre arbeidsområde/mulegheiter finst det innanfor yrket ditt?

- Som ferdig utdanna energimontør kan ein bli tilsett som fagarbeidar anten i straumproduksjon hos Statkraft, Statnett eller i distribusjon hos eit lokalt kraftselskap eller større industrifirma. Statkraft har dessutan eit traineeprogram for ferdig utdanna energimontørar. Det går over to år og gjev ei fagleg utteljing på 30 studiepoeng. Dei som har gått gjennom programmet får ei betre systemforståing og sikrare fagleg tyngde enn dei som berre har grunnutdanninga.

Sjølv har eg utnytta moglegheitene innanfor yrket og tok desentralisert utdanning ved Teknisk Fagskole ved sida av jobben. Eg har hatt fleire stillingar, og etter ein tung periode med skiftarbeid der eg ødela ryggen, dekte arbeidsgjevaren ingeniørutdanninga mi mot at eg fortsette i jobben etterpå. To år etter at eg tok fagbrev som energimontør arbeidde eg ein fireårsperiode i Nepal som Electrical Support Engineer. Då hadde eg med heile familien dit.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

- Til at det er så kort utdanning er det ei god startlønn, eg vil seie ho ligg på mellom 350 000-400 000. Ein kan jo bli energimontør utan å pådra seg store studielån, så det er eit lønsamt yrke.

Hvordan anser du sjansene for å få jobb innen dette yrket?

- Ein kan få jobb i Statkraft, i dei større kraftselskapa og i store industrifirma. Eg er overraska over at det ikkje er meir interesse for å ta denne utdanninga, men det skuldast nok at det tidlegare var vanskeleg å få jobb, for det er lita utskifting. Folk ser ut for å trives så godt at dei ikkje sluttar før dei går av med pensjon. No held Statkraft og andre store kraftselskap på med ei større oppgradering av maskinparken, noko som vil pågå i 10-15 år framover. Til dette trengst det mange energimontørar. Eg trur derfor det vil vere lett å få jobb framover, særleg om ein er dyktig. Eg meiner òg at Statkraft har eit samfunnsansvar for å tilby lærlingeplassar; vi har nemleg behov for mykje ny arbeidskraft framover.

Les flere yrkesintervju

Les flere utdanningsintervju

Tekst og foto: Berit Oksfjellelv

Oppdatert:

20 okt 2011
Skriv ut
Energimontør Vidar Lenningsvik
Foto: Berit Oksfjellelv
bildelisensikon
Elkraft-nettverket må ha kontinuerlig vedlikehold
Energimontør

En energimontør jobber med å bygge og vedlikeholde el-kraftnettet.

Togstasjon
Togelektriker

Som togelektriker arbeider du med vedlikehold, reparasjon og installasjon ved og rundt toganlegg. Yrket er fysisk krevende og det kreves teknisk innsikt og interesse for elektrikerfaget.