Tips frå ein karriererettleiar

- Sett deg godt inn i studietilboda som er interessante for deg, og ta gjerne kontakt med rettleiarar på studia, seier karriererettleiar Lars Buseth.

Kva tilbod til studentane har dykk?

- Vår målsetting er å hjelpa studentar ved overgangen til arbeidslivet, me tilbyr:

  • Karriererettleiing
  • Intervjutrening
  • Jobbsøkjer kurs
  • Presentasjonar av bedrifter
  • Administrerer praksisplassordningar (internship)
  • Formidling av prosjektoppgåver.

Kan det være lurt å venta med å ta høgare utdanning, når ein er ferdig med vidaregåande, og ikkje veit kva ein vil utdanne seg til vidare?

- Det kjem nok litt an på. Om det er noko anna, enn å studere, du verkeleg vil; til dømes å reisa eller jobba ei stund, kan det heilt klårt gje deg nyttig erfaring og ballast for seinare studiar. Samstundes bør ein vere merksam på at for nokon kan det kan bli vanskelegare å koma i gang med studiane etter eitt eller to år avbrekk frå skulebenken.

Mange unge grublar på kva dei skal bli. Kva kan ein gjere for å finna det ut?

- Eg vil sei det viktigaste for dei som ska gjere eit studieval er å velje både med hjartet og med hovudet: Kva liker du, og kva har du anlegg for? Mange opplever å få velmeinte råd om studiar og framtidig karriere. Hør på dei råda du får, og skaff deg god informasjon om dei val du vurderer - og vær ærleg med deg sjølv. Dette er kanskje ditt første verkeleg store val, så ikkje legg for mye vekt på kva onkel eller tante anbefalar.

Har du nokre tips til nye studentar om studentlivet?

- Den viktigaste treninga på å møte krav i arbeidslivet får du i studietida, så bruk den tida godt. Både til å bli god i det faget du studerer, men òg til å engasjera deg i noko du tykkjer er viktig - og til å skaffa deg relevant erfaring. Kva med eit semester i utlandet? Kan hende engasjerer du deg i studentpolitikken? Eller i noko heilt anna?

Poenget er at du i studietida har ei mogligheit til å trene på både fag og samstundes skaffa deg erfaringar som du vil få bruk for i arbeidslivet. Ved å prøve deg litt i ulike situasjonar, engasjere deg, ta ansvar, blir du både tryggare på ulike situasjonar, men og meir klar over kva du trivast med - og er god på.

Det er blitt vanleg å byte jobb fleire gongar i løpet av eit yrkesliv. Korleis kan ein ta dette med i berekninga når ein vel utdanning?

- De fleste typar jobbar i dag vil nok innebere ein viss grad av endring, med mykje ny informasjon og nye krav i høve til arbeidsoppgåvene. Men nett det å takle endringar og nye krav til kunnskap er jo noko studiane i stor grad gjer deg trening i.

Om ein ønskjer å skifte jobb ofte, kjem i alle høve an på deg sjølv. Viss du synest nye utfordringar er spannande, gjer det kan hende andre retningar på yrkesvegen enn om du er meir oppteken av ein trygg og varig arbeidsplass.

Kva er viktig å tenke på før ein vel utdanning/yrke?

- Er du usikker - så rår eg som nemnt at du tek utgangspunkt i kva evner du har, og kva du har interesse for. Andre forhold kan vera avgjerande for enkelte til dømes løn, status, karriere og så frametter, men generelt vil eg seie at interessa for faget bør vege tyngst. Er interessa stor, er det mykje lettare å leggje ned eit stort arbeid - og få gode resultantar.

Når ein så er nær ferdig med utdanninga, kan ein jo tenkje på kva andre faktorar ein vil leggje vekt på i vidare val. Arbeidsmarknaden vil jamt trenge dyktige kandidatar, så det viktigaste er å bli god på fag.

Korleis kan ein førebu seg før eit møte med ein karriererettleiar?

- Ein karriererådgjevar vil ikkje gje deg svaret du søkjer med to streker under. Snarare er det snakk om ein samtale, der rettleiar kan spør om dei rette tinga og kanskje peikar på nokre moglegheiter med utgangspunkt i din situasjon. Etter fleire års studiar kan studentar mykje om fag og om å være student, men kanskje ikkje like mykje om arbeidsmarknaden og korleis få seg ei stilling.

Før eit møte med ein rettleiar bør du freiste å formulera tydeleg kva som er kjerna i di problemstilling – då blir samtalen styrt av dine behov. Ein karriererettleiar kan kome med innspel på samanhengar mellom studiar og jobbutsikter, gje rom for refleksjon rundt eigen kompetanse og motivasjon og hjelpe til å utforme ein jobbsøkjer strategi.

Kva (gratis og tilgjengelege) ressursar kan du tipse om for å orientere seg betre om yrkes- og utdanningsval?

- Av nettressursar er jo utdanning.no eit godt utgangspunkt. Eg ville og brukt nettsidene til dei studiestadene som er aktuelle og tatt kontakt med studierettleiarar. Besøk biblioteket og skumles pensuma for å få eit inntrykk av faga du vurderer eller tjuvstart gjerne på det pensum som er aktuelt for det faget du vel.

Husk og at finn.no og nav.no ikkje berre er ein ressurs for jobbsøkjarar, dei har og informasjon om arbeidsmarknaden, om ulike typar stillingar, arbeidsoppgåver og kompetansebehov. Lèt deg inspirera.

Sjekk ut ideportalen.no, nettstaden koplar bedrifter, fagmiljø og studentar gjennom studentoppgåver og praksisplassar, utplassering og faglig relevante deltids- og sommarjobbar.

Eller Finn ditt karrrieresenter.

Oppdatert:

16 mar 2012
Skriv ut