Høgskolen i Bergen
Høgskolen i Bergen har cirka 6700 studentar og 660 tilsette. Høgskolen består av tre avdelingar, og er for tida lokalisert på seks ulike stader i Bergen. I 2014 skal høgskolen samlast i eit nybygg på Kronstad.
Kjerneverksemd
Verksemda ved høgskolen skal ha ein fagleg aktivitet som særleg tek var på desse kjerneområda:
* teknologi, miljø og nyskaping
* helse, omsorg og velferd
* kunst, kultur og yrke
Historikk
Høgskolen blei etablert i 1994 etter sammenslåing av 6 høgskolar med ulike faglege profilar.
Felles for desse høgskolane var tilbod om profesjonsutdanningar innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning.
Frå 1.1.2005 ble Statens dykkerskole overført til Høgskolen i Bergen.
Oppdatert:
8 des 2011
