Gjennomgått i samarbeid med Fellesorganisasjonen 25. november 2021

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.

Arbeidsoppgaver

Ein vernepleiar jobbar med å rettleie og tilrettelegge for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar. 

Arbeidet rettar seg spesielt mot personar med utviklingshemming, men vernepleiaren jobbar og med menneske med fysiske funksjonsnedsettingar, psykiske lidingar, rusproblem og aldersdemens.

Vernepleiaren bistår menneske med ulike behov til å styre kvardagen sjølv og ta viktige val. Som vernepleiar skal du bidra til auka rettssikkerheit (at rettane dine blir varetatt), likeverd og betre levekår for den enkelte.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein vernepleiar er:

  • bidra til dagleg omsorg, gi sosial støtte og rettleiing
  • legge til rette for meistring, opplæring og trening
  • halde ved like ferdigheiter og etablere nye ferdigheiter
  • gi råd og rettleiing til kollegaer og samarbeidspartnarar
  • administrasjon og leiing
  • undervising, fagutvikling og forsking

Arbeidsoppgåvene for vernepleiarar varierer mykje, alt etter kvar du er tilsett. Jobben går ofte ut på å bistå brukarane og utanfor heimen, for mellom anna å kunne meistra arbeid og skulegang.

Vernepleiar er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar vernepleiarar?

Som vernepleiar arbeider du hovudsakleg innanfor helse- og sosialsektoren. Det kan vere i kommunale heimetenester, dagtilbod eller i spesialisthelsetenesta. Du kan arbeide innan rusomsorg, psykisk helsearbeid, eldreomsorg, i skule og barnehage eller i NAV. Nokon arbeider og i privat sektor.

Intervjuer

En kvinne med lyst hår og svart genser smiler mot kamera. Bildet er tatt innendørs.

Vernepleier

Anita Melvær

– Jeg synes møtet med medmennesket og det fokuset vi vernepleiere har på mulighetene og potensialet som ligger i et menneske, er veldig fint, forteller Anita.

Viktige eigenskapar

Som vernepleiar er eigenskapane empati og evne til å vise omsorg svært viktig. Det blir stilt store krav til innleving og engasjement i jobben. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning
Fleire høgskular tilbyr vidareutdanningar innanfor habilitering/rehabilitering, målretta miljøarbeid, normalisering og sosial integrasjon, psykisk helsearbeid, databehandling og helse- og sosialadministrasjon, rettleiing, eldreomsorg, rusomsorg og spesialpedagogikk.

Du kan søke om godkjenning som rettleiar, klinisk vernepleiar eller vernepleiar med spesialkompetanse gjennom Fellesorganisasjonen

Dei vanlegaste jobbane blant vernepleiarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 661305 - Bachelor, vernepleie, treårig
  • 661301 - Vernepleierutdanning, treårig
  • 661303 - Videreutdanning i vernepleie, målrettet og metodisk miljøarbeid
  • 661302 - Videreutdanning i vernepleie, rusomsorg
  • 661304 - Videreutdanning i vernepleie, uspesifisert

Bedrifter som ansetter vernepleiarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med vernepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3232102 - VERNEPLEIER
  • 3232106 - AVDELINGSVERNEPLEIER
  • 3232112 - VERNEPLEIER (PSYKISK HELSEARBEID)
  • 3232111 - DISTRIKTSLEDER (VERNEPLEIER)
  • 3232110 - KOORDINATOR (VERNEPLEIER)
  • 3232109 - MILJØTERAPEUT (VERNEPLEIERARBEID)
  • 3232108 - KONSULENT (VERNEPLEIER)
  • 3232107 - FAGKONSULENT (VERNEPLEIER)
  • 3232105 - KOORDINATOR (PSYKISK UTVIKLINGSHEMMEDE)
  • 3232104 - KONSULENT (PSYKISK UTVIKLINGSHEMMEDE)
  • 3232103 - BOVEILEDER (VERNEPLEIER)
  • 3232101 - MILJØTERAPEUT (VERNEPLEIER)
  • 3232114 - SPESIALKONSULENT (VERNEPLEIER)
  • 3232113 - KLINISK VERNEPLEIER

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.