Gjennomgått i samarbeid med Westerdals institutt for film og medier, Høyskolen Kristiania 17. januar 2022

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.

Arbeidsoppgaver

Eit profesjonelt spel er laga av eit team av speldesignarar, utviklarar og programmerarar. Speldesignarar si oppgåve er å skildre og formidle idéane sine vidare slik at dei kan realiserast, ikkje ulikt ein regissør.

Faget speldesign ligg i grenseområdet mellom kunst, teknologi og leiing.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein speldesignar:

  • utvikle idéar til nye spel
  • forklare idéane og diskutere dei med utviklarar og programmerarar
  • følge opp arbeidet med spelet
  • teste ut spelet
  • følge med på marknaden og trendar innan spelverda

Speldesignarar kan òg jobba innanfor liknande område, som til dømes innan spelifisering og opplevingsdesign.

Spelifisering vil seie spel-baserte teknikkar, estetikk og design som kan gjere folk engasjerte, motivere dei til handling, fremje læring og evna til å løyse problem. Opplevingsdesign inneber å designe produkt med fokus på brukaranes erfaringar og kultur, slik at brukaren vert engasjert når han eller ho bruker produktet.

Spelifisering og opplevingsdesign blir stadig meir brukt i andre medium enn spel, til dømes i mobiltelefonar, i undervising, TV og internett.

Med ein bachelor i speldesign kan du mellom anna få jobbar med titlar som: system/economy designar, gameplay scriptar/designar, content/level designar, art production manager/technical artist, technical/mechanics designar og QA (Quality Assessment)/Playtesting.

Kor jobbar speldesignarar?

Speldesignaren jobbar for det meste innan underhaldningsindustrien. Du kvalifiserer deg òg for arbeid innan nærliggande bransjar som opplevingsdesign og produktdesign eller som prosessanalytikar. 

Mange med utdanning innan speldesign arbeider med andre former for digital media- og interaksjonsdesign, til dømes innanfor mobiltelefoni, TV-produksjon og internett.

Sidan dette er ein etter måten liten, men veksande, industri i Noreg, må du vere open for ein internasjonal karriere.

Intervjuer

En mann i mørkeblå t-skjorte og beige bukser. Han står foran et stort bilde. Han er i en bygning.

Spilldesigner

Lasse Bruun Iversen

Hvis du vil jobbe som spilldesigner må du være kreativ, kunne lytte til andre og være god til å observere, sier Lasse Bruun Iversen.
Portrettbilde av spilldesigner Maria Engell

Spilldesigner

Maria Engell

– Jeg former innhold til spillene vi lager, forteller spilldesigner Maria Engell. Hun valgte dette yrket fordi hun var fascinert av spill og ville jobbe med noe kreativt.

Viktige eigenskapar

Ein speldesignar må vere kreativ og ha interesse for teknologi. Du bør ha analytiske evner, for å kunne vurdere målgrupper, marknadspotensial og liknande, og vere god til å formidle. Som speldesignar må du både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Utdanning

Speldesignarar kan ha svært ulik utdanningsbakgrunn. Mange er sjølvlærte eller har ei eller anna form for IT-utdanning. Det finst òg spesialiserte utdanningstilbod innan speldesign.

Sjå oversikt over relevante utdanningar

 

Dei som jobbar som speldesignarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 7541 - Informasjons- og datateknologi
  • 6541 - Informasjons- og datateknologi
  • 554141 - Fagskoleutdanning, spillutvikling, toårig

Bedrifter som ansetter speldesignarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med speldesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.