Gjennomgått i samarbeid med Kirminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS) 14. november 2023

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.

Arbeidsoppgaver

Ein fengselsbetjent skal motverka nye straffbare handlingar gjennom å gjera opphaldet i fengselet meiningsfullt, bevisstgjerande og rehabiliterande for den innsette.

Som fengselsbetjent skal du balansera det å utøva makt og vise omsorg. Du har ansvaret for tryggleiken til innsette og domfelte, som går gjennom ulike former for straff. Du bidreg også til å sikra eit trygt arbeidsmiljø for kollegaer og samarbeidspartnarar.

Ein fengselsbetjent skal bidra til at den innsette sjølv kan ta ansvar for sitt eige liv og gjera ein eigen innsats for å endra det kriminelle handlingsmønsteret sitt.


Vanlege arbeidsoppgåver for ein fengselsbetjent

  • rettleia, motivera og samtala med dei innsette
  • leggja til rette for ein meiningsfylt kvardag for dei innsette
  • vareta tryggleiken i fengselet
  • organisera og delta i aktivitetar og sosiale arrangement

 

Fengselsbetjenten møter mange ulike typar menneske. Nokon har gjort seg skuldig i alvorlege kriminelle handlingar, medan andre slit med psykiske problem eller åtferdsvanskar av ulik art. Du må dermed vera førebudd på arbeidsdagar der tryggleik, grensesetting og konfliktløysing står sentralt.

Jobben som fengselsbetjent stiller store krav til personlege eigenskapar og modnad, og inneber styresmaktsutøving og makt over menneske i ein vanskeleg situasjon. Samtidig krevst det grunnleggjande gode haldningar og verdiar, og trua på at menneske kan forandra handlingsmønsteret sitt. I dette yrket er det vanleg å jobba turnus.
 

Kor jobbar fengselsbetjentar?

Dei fleste fengselsbetjentar jobbar i fengsel. I Noreg har me fengslar med høgt og lågt tryggingsnivå. Fengselsbetjentar jobbar også i friomsorga med elektronisk kontroll (fotlenkjesoning) og i overgangsbustader.

Intervjuer

Julie foran et gittervindu i høysikkerhetsfengselet i Horten.

Fengselsbetjent

Julie Grønvold Gunneng

- Jeg har ansvar for å følge opp, motivere og veilede de innsatte, ikke straffe dem ytterligere - selve frihetsberøvelsen er straffen, sier Julie.

Viktige eigenskapar

Som fengselsbetjent må du vera ansvarsmedviten og kunne jobba sjølvstendig. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må kunna setja grenser og kunne handtera krisesituasjonar, truslar og fysisk risiko.

 

Lønn

Utdanning

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS) utdannar fengselsbetjentar i Noreg. Utdanningsløpet er toårig.

Utdanninga er lønna. Ein er forplikta til eitt år teneste ved eit eller fleire fengsel. Søknadsfristen for opptak blir kunngjord på Fengselsskolens nettsider.

Opptakskrav
Det finst ei rekke opptakskrav for å bli aspirant:

  • generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • du må vere 20 år eller eldre
  • plettfri vandel
  • førarkort klasse B
  • god fysisk og psykisk helse
  • bestått funksjonstest med styrkeøvingar og uthaldsprøve

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 682201 - Høgskolekandidat, fengselsbetjentutdanning, toårig
  • 682299 - Fengselsfag, uspesifiserte, lavere nivå

Bedrifter som ansetter fengselsbetjentar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fengselsbetjentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5162103 - FENGSELSBETJENT
  • 5162104 - FENGSELSFØRSTEBETJENT
  • 5162107 - FENGSELSNATTEVAKT
  • 5162101 - FENGSELSASPIRANT
  • 1227243 - FENGSELSINSPEKTØR
  • 1210180 - FENGSELSDIREKTØR

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Ein advokatsekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Branningeniør sjekker brannvarslingssystem

Branningeniør

Branningeniørar arbeider med bygnings- og branntryggleik. Å gi råd og gjennomføre kontrollar er blant dei viktigaste arbeidsoppgåvene.
Brannkonstabel slukker brann

Brannkonstabel

Som brannkonstabel sløkk du brannar, og driv med rednings- og tryggleiksarbeid i brannvesenet.
Yrkesdykker som jobber under vann

Dykkar

Ein yrkesdykkar utfører arbeid under vatn.
HMS-ingeniør inspiserer en bygning

HMS-ingeniør

Som HMS-ingeniør skal du bidra til å betre helse, miljø og sikkerheita på arbeidsplassen.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
Låsesmed lager nøkler i verkstaden sitt.

Låsesmed

Låsesmeden prosjekterer, installerer, reparerer, held ved like og yter service på lås- og tryggleikssystem.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.